Kvardagen

Tallerkenhylla mi!

Det tok meg 4 dagar å bora hol i betongveggen for å få hengt den opp, og det kosta meg blod, sveitte og tårer! Men når den var komen opp på veggen og fylt opp kjende eg meg stolt og veldig glad!

Den er ei god blanding av gamalt og nytt.

Sjølve hylla fann eg på låven. Den er laga av ein slektning i forrige århundre og dei opprinnelige spikrane står forstatt i.

Servicet har eg arva frå bestemor. Ho laga ofte fruktgraut og den blei servert på dei djupe tallerkane som høyrer til. Når eg ser på servicet kjenner eg lukti og smaken av grauten, og på ei slags barnleg ro og lykkefølelse.

Kaktusen var innflytningspresang frå pappa. Den er stikling av ein kaktus som opprinneleg hang i barndomsheimen til pappa.

Den vesle blå fuglen er kjøpt på Blaafarveværket tidleg på åttitalet og er egentlig mamma sin, men eg kallar den forskudd på arv.

Gullkortet fekk eg til bursdagen av Victoria og presangen var det nydelige broderiet av Pickle Rick!

Lyset var innflytningspresang fra Victoria og velsigna leiligheten.

Snåsaflaska kjøpte eg i sommar då eg var i Snåsa.

Fin hylla ikkje sant?

Advertisements

Her kan du skriva ein kommentar....:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s