Tankedrypp

Lengtar alltid vekk…

Kan vel kanskje kalla det ei «forbanning»; eg har alltid lengta vekk frå der eg er…

Då eg gjekk på ungdomsskulen kunne eg knapt venta med å komma meg vekk frå heimbygdi mi. Og med skrekkblanda fryd reiste eg på folkehøgskule. Etter det har eg flytta etter eit eller to år, her og der.
Så flytta eg til Oslo. Det var eigentleg ein nedtur å flytta dit. Men eg tenkte at eit år skal eg vel kunna klara, for då opnar det sikkert ein ny moglegheit for å flytta på seg!

Etter at eg flytta har eg alltid vore klar på at eg skal vekk frå Oslo. Men no har det brått gått nesten 7 år! Seinast i romjula sa eg at eg ikkje kunne veeeeenta med å komma meg vekk frå Oslo.

Men… Ja for det er jo alltid eit men.

Eg har alltid tenkt at det var logisk, og nødvendig, å flytta frå Borgund. Men kvifor slo eg meg ikkje til ro dei andre stadene. Var det fordi eg «higa» etter noko anna? Eller var det fordi eg ikkje tillèt meg sjølv slappa av og slå meg til ro. Venta eg på noko betre? Kva anna kunne eg oppleva?

Ein av dei fyste dagane i januar prata eg med ei venninne om jobbsøking. Eg sa: «eg anar ikkje kor eg blir buande», og då sa ho: «Kan du ikkje gje Oslo ein sjanse da?»

Og eg sa til meg sjølv, har du eigentleg gjeve Oslo ein sjanse i løpet av desse 7 åra? Eller har du berre eksistert her og tenkt at dette er ein pit-stop? Svaret på det er; ja. Eg har ikkje tenkt over at livet faktisk har gått ganske greitt her i tigerstaden. Eg har vel lengta vekk av gamal vane, og fordi eg alltid har sagt at «i Oslo skal eg i hvert fall ikkje bu!»

Då eg delte på snapchat at eg hadde byrja jobbsøkinga spurte dei fleste: «Kor i landet?» Og med eit litt skamfullt smil svare eg, – i Oslo.

Eg har gjeve Oslo ein sjanse, og eg følar at Oslo på sett og vis gjeve meg ein ny sjanse ved at eg skal byrja i ny jobb her i august! 

Advertisements

Her kan du skriva ein kommentar....:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s