Kvardagen

Ein god sommar!

Når ein tenkjer tilbake på sommrane då ein var liten så var det alltid godt vær og alt var moro. Ein forskar sa ei gong at me vel ut dei beste minnene og hugsar på dei, og det er jo ein god tanke. Når eg tenkjer tilbake så hugsar eg både godt og dårleg vær, men det er no så…

I år har eg hatt ein ekstra lang sommar, omtrent som då eg var unge. No er det berre dagar att før studiar og jobb atter ei gong skal dominera kvardagen.

Men sommaren 2017 vil eg ta med meg fordi den har segla opp til å bli «ein av dei beste»!

Då eg sette meg ned for å skriva litt om sommaren 2017, fann eg ut at den opplevingsmessig byeja i april/mai med ein Lofotentur..

Men tidleg i juni eg fekk besøk av ei eg gjekk på folkehøgskule med for 15 år sidan. Me hadde gode dagar med flotte turar i fjellet, høgdepunktet var Hødntind.

Bursdagen min starta eg med 3 timar i skogen og nådde eit mål; å gå opp Grefsenkollen.

For fyrste gong fekk eg reist på Jordeplerock!

Det blei feiring av ein 30 årsdag, og den feiringen sat i lenge akkurat som det skal!

Etter bursdagen fekk eg væra tante på heiltid til vesle hærlege Gulpert!

Men mest av alt har eg hatt kvalitetstid med pappa!

Me har vandra i fjellet, fiksa mur og hogge ved på Fillestølen, vore i Førde på Landsskyttarstemne og ikkje minst køyrt Borgund-Gävle (E16 til endes)!

Kort fortalt sumaren 2017 har vore fantastisk! Og den lit eit godt minne trass i at været ikkje har vore strålande!

Advertisements

Her kan du skriva ein kommentar....:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s