Kvardagen · Tankedrypp

Eg er ein knotar! Er du? #nrkdialekt

Eg må ærleg innrømma at eg knotar, har vel knota heile mitt liv!
Med mor frå Valdres og far frå Sogn blei det ei fin blanding men mest borjind.
Det er kanskje ei dårleg unskyldning for det finns jo folk som har foreldre frå forskjellige bygder og pratar «skikkeleg».
Men etter å ha flakka rundt i Noreg og på Island så har eg  plukka opp ord og vendinga som eg brukar dagleg, og slek sett så prata eg ikkje «reint». Men eg helde ganske godt på dialekti vil eg påstå.

Dei eg jobbar med i Oslo meinar at eg pratar «breiare» når eg har vore heimom ein tur, og eg har faktisk merka det sjølv og.
I barnehagen så har ungane begynt å sei mjølk og vatn og dei reagera ikkje nevneverdig når dei ska henta regnkledn sine 🙂

Hadde ei lita jenta på 3 år  som spurte meg: «Siv hvorfor sier ikke du vann?»
Eg er ikkje i frå Oslo derfor pratar eg litt annaleis enn du, eg pratar nynorsk og dialekt og du pratar bokmål.
Derfor seier eg vatn og du vann.
Då bryte jenta ut: «SIV! Du kan jo si VANN jo!! Så flink du er!!»

Eg er jo tross alt frå eit anna land som heiter Vestlandet, men det ligge i Norge da… 🙂

Dessuten er det bedre å knota litt enn å legga totalt om dialekti tenke eg.

Advertisements

Her kan du skriva ein kommentar....:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s